Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

mandag, november 14, 2005

Roleg helg på heia...


Eg er heime på heia no, og slappar stort sett av. Det er ikkje så mykje som skjer, men det er koseleg å berre vere saman med familie og venar. Har jo ikkje vore heime så lenge enno.
Det var ein skikkeleg slitsam tur heim; me reiste frå Curitiba i 15.00-tida om onsdagen og var eg var heime i huset mitt kl. 01.00 natt til fredag. Eg er så privilegert å ha ei bestevenninne som henta meg på flyet og fekk meg heilt heim. Takk, Guro! Hadde ikkje sove stort på flyet. For nasa mi var tett og eg hosta ein del. Difor var det nydeleg å leggje seg i senga mi og sove så lenge eg klara om neste morgon.
Eg grua meg eigentleg litt for å treffe folk her heime, for det er jo ikkje så morosamt å plutseleg vere her att når eg eigentleg ikkje skulle ha vore her før i april. Kvidde med litt for å gå på butikken og slikt. Men ein kan jo ikkje stengje seg inne. Så eg reiste både på butikken og til byen.
I tillegg til å ha slappa av, har eg vore på Huset (Guds Menighet). Eg forklara om kvifor eg var heime att og viste litt bilete. Det er rart å skulle fortelje til dei he heime om kva eg har opplevd. Trur ikkje det går an å beskrive kva eg har opplevd slik at dei forstår. For det har skjedd så utruleg mykje og eg har møtt så mange gode menneske, som ikkje dei har noko forhold til. Men det er vel slik det er.
Legg ved eit bilete av Helisoa, Ando, Miriam, Sandro og eg den siste dagen.

Ha ei fin veke, alle saman!
Ord for dagen: Fekk eg alt som eg ville ha det, ville eg ikkje ha det.

onsdag, november 09, 2005

Det verste har skjedd...


Då det byrja å verte kluss med visuma, fekk me beskjed om at det verste som kunne skje var at me vart sendt heim. Eg tenkte: ”aha, detta vert spanande! Men me vert sjølvsagt ikkje sendt heim. Det skjer jo ikkje med oss.” Men her me, ikkje nokon draumesituasjon. Så i ettermiddag reiser me heim til kjære Norge. Slik er det berre.
Men dei siste dagane har vore supre. Sjølvsagt var det kor om måndagen, og etterpå var me i bursdag til ein av ledarane. Ååå, kjempekoseleg. Ellers så nytta me gårsdagen til shopping, siste innspurt. Og i går var me på pizzeria, berre me i teamet. Veit jo ikkje korleis det vert framover. Men me kosa oss stort og åt oss heilt stappmette.
Flyet vårt går i ettermiddag og i morgon kveld er eg heime att på Vegårshei på ubestemt tid. Eg veit ikkje kor mykje blogging det vert då. Men så fort det skjer noko skal eg oppdatere.

Ord for dagen:
"legg din vei i Herrens hånd. Stol på Ham, så griper Han inn". Salme 37,5

mandag, november 07, 2005

Kva skjer no?...


Ja, skulle eg vel eigentleg ha skrive om korleis det har vore å kome til Arazetuba. Men det er ikkje mogleg for me er i Curitiba enno. Om torsdagen fekk me nemleg beskjed om at begge søknadane om visum vart avslått. Me fekk åtte dagar til å kome oss ut av landet på. Saka er at me ikkje kan vere her i Brasil som studentar, for me går jo ikkje på noko skule eller universitet. Det har aldri vore noko problem med dei tidlegare studentane, men i år gjorde nokre kodar til at det vert tatt tak i. Og det er ein skikkeleg vrang mann me har med å gjere i Brasilia, der saka vert behandla.
Eg treng jo ikkje legge ut om alle detaljar, og eg veite så mykje heller. Men slik det er no, ser det ut til at me må forlate landet, anten til Noreg eller kan hende til eit naboland her. Sjølv om situasjonen ikkje er heilt som ynskja, føler eg at eg har det greitt. Det er mange menneske som jobbar for at det skal gå i orden. Og mange menneske som støttar oss og er saman med oss. Ikkje så mykje me kan gjere, når me ikkje kan språket eller har nokre kontaktar. Har jo ikkje peil i det heile tatt.
I helga har det gått temmeleg i eitt. Miriam og eg var på møte på CPM (skulen) om fredagskvelden. Me forstod ikkje så mykje, anna enn coração, som er det ordet som vert mest bruka i både kristne, og ikkje-kristne songar. Om laurdagen reiste Miriam og eg til byen for å ete frukost, for me er på ”overtid” i husa, så det er ikkje lagt opp til at me skal ete der. I byen åt me søtt brød med kjøttdeig i. Det er ikkje lett å ikkje ete kjøtt her i Brasil, for det er godt, billeg og tilgjengeleg. Og juicen her er heilt herleg; fersk og naturleg. Etter frukosten gjekk me og sveiv litt. Kl. 12.00 reiste me på koret i kyrkja. Har ikkje fått vore der om laurdagane før, for det har alltid vore noko anna på programmet. Men me song i veg, og eg prøvde så godt eg kunne. Sjølv om nasa er tett og eg hostar. Ikkje så lett å synge dei lysaste soprantonane då, nei. Men det er utruleg bra og koseleg å vere saman med menneska på koret. Dei er så inkluderande og morosame. Kjem til å sakne dei når me reiser. Gler meg til koret i kveld! Og så er det ein ting til, særskilt på koret; eg har verte fnisete att. Eg fnisar for ingenting. Ikkje nok med det, men eg rødmar (veit ikkje korleis eg skrriv det på nynorsk, men…) og. Det er heilt forferdeleg, men litt morosamt og. Det er mange som får seg ein god latter når eg vert raud som ei tomat.
Etter koret var me med heim til to av dei frå koret. Trur ikkje dei hadde vaska opp på ei stund for å seie det slik… Ikkje det at eg er så nøye på det, men det får vere grenser! Så var det tid for kunstmuseum. For meg som har skikkeleg greie på kunst (?), var det interessant. Nei, men seriøst, det var faktisk litt avslappande å berre gå og sjå. Så har me i alle fall fått sett litt av kva som er verdt å sjå i Curitiba.
Om kvelden var det tid for bursdagsfest for Helisoa. Me var i huset der Ando og Miriam bur, saman med mange andre. Hadde ein kjempekoseleg kveld, med mykje dans og mat. Ein ting må eg seie: ikkje alle brasilianske gutar kan danse. Men dei som kan, er det desto meir morosamt å danse med.
Sundagen vert bruka til å kvile. Og berre vere saman i teamet og snakke. Og eg må jo ikkje gløyme å seie at Miriam klippa meg. Det vert kort, men temmeleg bra. Når eg ikkje har mi kjære bestevenninne, Guro, her, så må eg jo finne nokon andre. Og Miriam var eit godt val.
Om kvelden gjekk me i kyrkja nede i byen. Sandro (kontaktpersonen) fortalde pastoren om situasjonen me er i, så me var framme og vart bedt for Etterpå var det tid for å seie ”ha det” til nokon av dei som var der. Litt rart å seie ”ha det” utan å vite om eg kjem til å treffe dei att eller ikkje. Kan jo vere at me må vere her ei stund til, og då treff eg dei jo att. Men om ikkje, så… (Bilete er forresten av Helisoa, meg og Ando utanfor kyrkja.)
Trass i uvissheita, så har eg det bra og trivst i Curitiba. Mykje å tenkje på og ein del å gjere. Håpar berre at alle, i alle delar av verda, har det bra og. Ha ei fin veke!

Ord (song) for dagen: ♪♪ Sing till the pow-er of the Lord come down.
Shout Hal-le-lu-jah!
Praise His Holy name! ♫

torsdag, november 03, 2005

Lenge sidan sist...


Det har allereie gått ei veke sidan sist eg blogga. Men det er så mykje anna å gjere. Og når eg fyrst er på dataen er det andre mailar eg skal svare på og ting eg må sjekke. Som til dømes korleis det gjekk med Start i helga. det reknar eg med at alle har fått med seg.
I helga var me og vitja ein indianarstamme og ein misjonærfamilie som budde der. Det var heilt fantastisk å vere på ein så stille stad og vere saman med så gode menneske. Me deltok på gudstenesten om sundagen, og fekk oppleve ekte "klapping". Dei byrja klappe med ein gong songen byrja og slutta ikkje før lenge etter han var ferdig. Musikken var som skikkeleg bedehusmusikk skal vere; trekkspill og bass med svingande rytme. Også der song me "Alt for Jesu for jeg legger". Trur det snart er på tide å finne ein ny song som me kan variere med.
Me fekk høyre litt om misjonsarbeidet og snakke med misjonærane om korleis det var å vie heile livet sitt til detta arbeidet. For det er nemleg målet deira; ikkje berre ein periode på nokre år, men resten av livet. Er det beundringsverdig, eller? Eg fekk verkeleg respekt for at dei klarte å ha eit så langt perspektiv på det. Mannen hadde til og med gitt opp gutedraumen om å vere "flygande misjonær" for å følgje Guds kall. det fekk meg til å tenkje på mitt eige liv. Kor mykje vågar eg å leggje det i Guds hender og stole på at det er det rektige. Lett å seie, men no fekk eg sjå at det var ein familie som verkeleg hadde satt det ut i praksis.
I tillegg til ein del informasjon fekk me utruleg godt stell. Ho hadde heimebaka brød og, for meg, normalt pålegg. Eg gjorde og noko eg ikkje hadde trudd eg kom til å gjer; eg rei på hest. har jo hatt litt skrekken for slike store dyr, men denna hesten var snill som eit lam(?). Heile helga var nesten som ein ferie, ei avkobling frå det me gjer her i Curitiba.
Språket, altså portugisisk, har stagnert litt for min del. Eg slit litt med framgangen sidan eg ikkje har sjølvdisiplin nok til å sette meg ned og pugge. Det er uansett ingen som sjekker at eg kan glosene eller verbbøyginga, så kvifor ta seg tid til å lese? nei då, eg skal askjerpe meg. kanhende litt seint no, sidan me ikkje skal ha meir enn ein time til her i Curitiba.
Veret her er heller ikkje tilfredsstillande. Det er kaldt og det er kome permafrost i fingrane og tærne mine. I alle fall noko lignande. Men alle seier at detta er ein unntakstilstand og at sola snart kjem. Eg trur på det!
No trur eg at eg skal gå og ete litt ris, for det er vel det eg kan forvente til middag...
Ord for dagen: Fil. 4:4
"Gled dere i Herren alltid! Igjen vil jeg si: Gled dere!"