Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

mandag, januar 09, 2006

klar for eit nytt land


Ja, no har eg vore heime i to månader og har dei siste vekene vore skikkeleg klar for å kome meg ut att. Så for ei veke sidan fekk me endeleg beskjed;me hadde nesten fått visum til Brasil, me mangla berre eit dokument. Og så var det å få tak i detta då. Ikkje så lett, rettare sagt ikkje mogleg. Så då var det berre å hive seg rundt og innstille seg på eit nytt land. det vart madagaskar, noko som kan verte ei utfordring for meg. Litt hardt å svelgje at eg ikkje skal til Brasil, men trur det vert bra på madagaskar. me skal vere der saman med to andre frå Hald. Og satsar på at dei kan gje oss ei lita innføring og hjelpe oss med det me måtte lure på. For det vert heilt sikkert ein heil del spm er nytt og ukjend.
Reisa byrjar i morgon tidleg kl 0640, tidleg nok det. Eg tek tog til drammen, så tog til oslo, fly til paris, overnattar der ei natt og så fly til madagaskar. Litt av ein tur. men me er jo vande med å reise.
No er det ikkje sikkert eg får blogga så ofte som eg gjorde i Brasil, for eg veit ikkje heilt korleis det er med internett og slikt der. i det heile tatt veit eg lite om Madagaskar. Men har ein heil del eg kan lese på turen.
Detta vert spanande, og ikkje heilt slik eg hadde tenkt meg detta året. men det er nok ein plan med det heile. Om ikkje eg kan sjå det no, så ser eg det vel i ettertid.
Ynskjer dykk alle eit godt, nytt, velsigna år!
Beste helsing frå Liv Hilda

2 Comments:

Blogger Astrid i Brazil said...

Hei Liv Hilda.

Synd dere ikke fikk reise tilbake til Brasil. Håper likevel dere får et fint opphold på Madagasker. Og håper på at vi holder kontakten når du kommer hjem igjen :)
Lykke til!
Gid. Klem astrid

12:19 a.m.  
Anonymous Anonym said...

jau....takk for ein hyggelig togtur...

å kjempemasse lykke t der nede!!
Sjøl om du kanskje heller ville vært i brasil i jula, så må e sei på vegne a oss her heime, så har d vært veldi kosli at du va på heia i juleferien...

5:15 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home