Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

mandag, november 07, 2005

Kva skjer no?...


Ja, skulle eg vel eigentleg ha skrive om korleis det har vore å kome til Arazetuba. Men det er ikkje mogleg for me er i Curitiba enno. Om torsdagen fekk me nemleg beskjed om at begge søknadane om visum vart avslått. Me fekk åtte dagar til å kome oss ut av landet på. Saka er at me ikkje kan vere her i Brasil som studentar, for me går jo ikkje på noko skule eller universitet. Det har aldri vore noko problem med dei tidlegare studentane, men i år gjorde nokre kodar til at det vert tatt tak i. Og det er ein skikkeleg vrang mann me har med å gjere i Brasilia, der saka vert behandla.
Eg treng jo ikkje legge ut om alle detaljar, og eg veite så mykje heller. Men slik det er no, ser det ut til at me må forlate landet, anten til Noreg eller kan hende til eit naboland her. Sjølv om situasjonen ikkje er heilt som ynskja, føler eg at eg har det greitt. Det er mange menneske som jobbar for at det skal gå i orden. Og mange menneske som støttar oss og er saman med oss. Ikkje så mykje me kan gjere, når me ikkje kan språket eller har nokre kontaktar. Har jo ikkje peil i det heile tatt.
I helga har det gått temmeleg i eitt. Miriam og eg var på møte på CPM (skulen) om fredagskvelden. Me forstod ikkje så mykje, anna enn coração, som er det ordet som vert mest bruka i både kristne, og ikkje-kristne songar. Om laurdagen reiste Miriam og eg til byen for å ete frukost, for me er på ”overtid” i husa, så det er ikkje lagt opp til at me skal ete der. I byen åt me søtt brød med kjøttdeig i. Det er ikkje lett å ikkje ete kjøtt her i Brasil, for det er godt, billeg og tilgjengeleg. Og juicen her er heilt herleg; fersk og naturleg. Etter frukosten gjekk me og sveiv litt. Kl. 12.00 reiste me på koret i kyrkja. Har ikkje fått vore der om laurdagane før, for det har alltid vore noko anna på programmet. Men me song i veg, og eg prøvde så godt eg kunne. Sjølv om nasa er tett og eg hostar. Ikkje så lett å synge dei lysaste soprantonane då, nei. Men det er utruleg bra og koseleg å vere saman med menneska på koret. Dei er så inkluderande og morosame. Kjem til å sakne dei når me reiser. Gler meg til koret i kveld! Og så er det ein ting til, særskilt på koret; eg har verte fnisete att. Eg fnisar for ingenting. Ikkje nok med det, men eg rødmar (veit ikkje korleis eg skrriv det på nynorsk, men…) og. Det er heilt forferdeleg, men litt morosamt og. Det er mange som får seg ein god latter når eg vert raud som ei tomat.
Etter koret var me med heim til to av dei frå koret. Trur ikkje dei hadde vaska opp på ei stund for å seie det slik… Ikkje det at eg er så nøye på det, men det får vere grenser! Så var det tid for kunstmuseum. For meg som har skikkeleg greie på kunst (?), var det interessant. Nei, men seriøst, det var faktisk litt avslappande å berre gå og sjå. Så har me i alle fall fått sett litt av kva som er verdt å sjå i Curitiba.
Om kvelden var det tid for bursdagsfest for Helisoa. Me var i huset der Ando og Miriam bur, saman med mange andre. Hadde ein kjempekoseleg kveld, med mykje dans og mat. Ein ting må eg seie: ikkje alle brasilianske gutar kan danse. Men dei som kan, er det desto meir morosamt å danse med.
Sundagen vert bruka til å kvile. Og berre vere saman i teamet og snakke. Og eg må jo ikkje gløyme å seie at Miriam klippa meg. Det vert kort, men temmeleg bra. Når eg ikkje har mi kjære bestevenninne, Guro, her, så må eg jo finne nokon andre. Og Miriam var eit godt val.
Om kvelden gjekk me i kyrkja nede i byen. Sandro (kontaktpersonen) fortalde pastoren om situasjonen me er i, så me var framme og vart bedt for Etterpå var det tid for å seie ”ha det” til nokon av dei som var der. Litt rart å seie ”ha det” utan å vite om eg kjem til å treffe dei att eller ikkje. Kan jo vere at me må vere her ei stund til, og då treff eg dei jo att. Men om ikkje, så… (Bilete er forresten av Helisoa, meg og Ando utanfor kyrkja.)
Trass i uvissheita, så har eg det bra og trivst i Curitiba. Mykje å tenkje på og ein del å gjere. Håpar berre at alle, i alle delar av verda, har det bra og. Ha ei fin veke!

Ord (song) for dagen: ♪♪ Sing till the pow-er of the Lord come down.
Shout Hal-le-lu-jah!
Praise His Holy name! ♫