Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

torsdag, oktober 13, 2005

Fyrste blogg

Hei og velkomen til bloggen min. Her vil eg oppdatere dykk saa godt eg kan paa kva som skjer i livet mitt nett no.
Det hadde og vore interessant aa faa litt respons.

Fyrst kan eg jo starte med aa seie at eg er i Brasil med Team Nettverk fraa Hald Internasjonale Senter. Me er eit team paa fire jenter:Helispoa og Ando fraa Madagaskar og Miriam og eg fraa Noreg. No har me vore her i ei veke og byrjar venne oss til a vere her. Noko her er temmelg annleis enn heime, men mykje er kjend. Det er mange venlege menneske og mykje god mat. Huset eg bur i er lite og enkelt, men koseleg. For ikkje aa gloyme vertsfamilien min. Han bestaar av Max (far), Siovana (mor) og Karem (dotter, seks aar). Dei lagar mat til oss og vaskar kleda vaare. Saa slik sett har me det godt.
Fram til no har me i grunnen berre prova aa gjere oss kjende med levemaaten. Me har vitja ei kyrkje, barnehagen me skla jobbe i, vore paa grillfest (noko som er vanleg her) og kikka oss rundt i byen. Det er ikkje saa lett aa finne fram her , men me har god hjelparar som fylgjer oss med bussen eller koyrer oss hit og dit.
Sandro, kontaktpersonen vaar, jobbar paa ein skule som heiter CPM. Det er her me har portugisiktimane vaare og her me kan bruke Internett.
Eg tenkjer det var nok for i dag. Saa faar eg sjaa kva tid det vert eg skriv neste gong.
Ate logo!
Liv