Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

torsdag, oktober 27, 2005

kjensler...inntrykk...


I dag er det noyaktig tri veker sidan me kom til Brasil, og eg har ikkje lenga heim enno. Kva er det som gaar av meg? Kan eg tenkje meg aa bu her resten av livet? Nei, trur ikkje det. Men sidan eg har vore innstilt paa aa skiulle vere her i seks maanader, hadde det vel vore litt tidleg aa lengte heim alllereie no. Det einaste eg gjerne skulle ha faat med meg er startkampen til helga. Hoyrde nyss om at det var gode utsikter for at start kunne vinne serien.
Denna veka har vore temmeleg roleg. Men det har gitt meg tid til aa tenkje. Ver saa snill aa la meg faa treffe folka fraa koret og kyrkja ein gong til for me drar. Og som sendt fraa himmelen kom Sandro og sa han hadde ein daarleg nyhet. No lurer du sikkert paa korleis ein daarleg nyhet kan vere god for meg. Og det skal eg fortelje deg; grunna visuma vaare som ikkje er gyldige/rektige, maa me vere her minst 12 dagar til. Ikkje berre aatte som det var planlagt. Det betyr at me kan reise baade i kyrkja og paa koret ein gong til.Yesss!
Over til kjenslene. I gaar skulle me vitje ein favela (slumomraade). Og eg staalsette meg for motet med detta samfunnet. For det er eit eige samfunn og samhold blant desse menneska. Dei er, om ikkje nogde, saa i alle fall tilfredse med deira status. Me skulle eigentleg vere med aa dele ut mat saman med nokre folk fraa ei kyrkje, men grunna ei misforstaaing om kvar me skulle motast , vart me for seine. Allikavel tok nokre bekjende av oss oss med og vitja norkre familiar der. Eg var forebudd paa det verste. Men daa me kom inn der saag me at dei hadde baade stereoanlegg og TV. Det var til og med ein familie som hadde playstation. Og dei var saa hyggelege! Me forstod ikkje saa mykje av kva dei sa, men me fekk oversatt litt og kroppsspraaket gjorde resten. Saa ba me saman med dei, sjolv om dei var litt vaklande i trua. Eg folte det godt aa kunne dele noko slikt saman med menneske fraa ein heilt anna bakrgrunn enn eg har. Heile opphaldet i favelaen var godt. Menneska smilte og helste paa oss. Men saa kom kjenslesjokket. Me vart invitert heim til ei av dei me koyrde med, for aa ete lunsj.Virka jo koseleg det. Men daa me koyrde inn gjennom porten deira, som laag berre omlag ein km fraa favelaen, fekk me synet av det gigantiske huset deira. Og det var ikkje mindre flott inne. Stor TV, vakre teppe, maleri, hushjelp og koseleg uteplass. Eg kjende eg vart nesten kvalm. Her hadde me fyrst vitja ein fattig familie og sett kva slags forhold dei levde under, for deretter aa sette oss tilbords som fyrstar. Det er slike ting som faar meg til aa tenkje. Det er paa ein maate slik som aa sjaa fattige born fraa Afrika paa . Og deretter sette seg godt til rette for aa ete seg nmett paa nett det ein har lyst paa, i Noreg.
Av andre ting som har skjedd her, saa har me verkeleg faat smake paa brasiliansk mat. Om tirsdag var me ute saman med nokre tidlegare studentar fraa hald, for aa ete. det fungerte slik at me betalte ein sum, omlag 40 NOK. Saa kom dei og serverte oss kva me ville ha av pizza og pasta. Detvar 59 forskjellige pizzaslag, og eg smaka paa mykje rart. Mellom anna bananpizza og pizza med kvit sjokolade. Mmm... Etterpaa fekk me is, saa mykje me ville. Me vart inviterte ut paa det same i gaar og, berre at det var kjott. For meg som nesten har vore vegetarianar ei stund no, var eg litt skeptisk. Men du verda, saa mykje godt der var. Pluss noko som var litt meir saertslik som sushi og kyllinghjerte. Eg skal ikkje nekte for at eg hadde problem med aa svelgje det. Og det kunne samanliknas med daa eg aat sneglar i Sor-Afrika. Alt i alt var det ein koseleg kveld med mykje skravling.
Ikkje alt er like lett her. For eg som stort sett har tatt det lett paa grunnskulen og vidaregaaande, er det hardt aa innsjaa at eg ikkje laerer spraaket her like lett. Eg slit litt med aa vaage aa prate, for eg har saa daarleg ordforraad. Og sjolv om laeraren er god som gull, sett eg meg litt imot naar han vil at me skal skrive eit norsk eventyr paa portugisisk. Kva vert forventa etter omlag tri veker med portugisisktimar? Nei daa, det er ikkje saa ille, men eg gler meg til eg kan prate litt meir utan aa tenkje. I alle fall pseii noko...
Trur det er tid for aa gjere lekser no. Det er trass alt berre ein time til me skal ha time. Ordet for denna dagen er: igreja = kirke
Ha ein fin torsdag ettermiddag!

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Heihei liv hilda!! Så koselig det var å se et livstegn fra godeste livmor på msn hotmail! har nettopp lest igjennom bloggen din, hoeres ut som du har faatt mye nye inntrykk iloepet av tiden din "der nede" i Brasil. Sitter for oyeblikket på lesesalen og ser ut på det graa bergensvaeret, og tenker at du er heldig som er et helt annet sted. Nye impulser har man alltid godt av:-) Haaper du faar noen flotte maaneder med gode (og sterke?)opplevelser! Lykke til med portugisisk. haaper du har det bra, stor klem fra anne christine..Anco!

3:27 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home