Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

tirsdag, oktober 18, 2005

kva har skjedd etter 12 og ein halv dag i brasil?

Ei lita oppdatering paa fyrste tida mi i Brasil:

Veret her er omtrent like varierande som kjenslene mine. om morgenen er det stort sett fint ver, men varierande temperatur. Difor kjoper eg aldri paraply, for det er jo ikkje ei sky paa himmelen. Men saa, naar me er ferdige med tportugisisktimane, holjer det ned ned og eg vert sjaaande ut som ein drukna katt. Kjenslene mine fungerer som fylgjande; ein dag er eg ikkje heilt paa topp og fylgjer ikkje med i timane. Ein anna dag er eg heilt gira og maa halde meg for ikkje aa le, sjolv naar me berre gjennomgaar tala paa portugisisk. Eii godt eksempel paa ein slik dag er gaarsdagen.
No til kva som har skjedd. Om laurdagen var me og vitja eit prosjekt i eit litt meir fattig omraade utanfor byen. Me hadde verte spurd om aa starte KRIK der, og var litt spende paa korleis det skulle gaa. Men daa me kom dit gjekk det veldig greitt. Ungane var gira paa baade futebol og volleyball. Men me hadde og ein andaktsstund der me sang og bad. Det er saa rart aa synge songar som me kan paa norsk og engelsk, paa portugisisk. Og sjolv om eg ikkje er heilt god i spraaket enno, forstaar eg at songane har same meining. Aa sjaa ungane saa engasjerte er rorande. Det gjev saa mykje naar dei viser at dei sett pris paa at me er der og gjer noko saman med dei.
Om sundagen var det kyrkjedag. Miriam og eg reiste i ei lita kyrkje om morgonen der me deltok med litt song. Velsignelsen vart fyrst sunget av oss og saa paa portugisisk av nokre lokale. Det er rart aa vere paa ei heilt anna side av jorda og oppdage at dei syng songar med det same innhaldet og ber dei same bonene, berre paa eit ann spraak.
OM kvelden var me i same kyrkja som me vitja forrige sundag. Eigentleg er den ganske lik slik eg er vant til fraa Noreg. Mykje lovsong og temmeleg mange menneske. Saa det kan verte spanande aa sjaa kva som ventar oss i Arizetuba.
I tillegg til detta skjer det mykje anna som gjer inntrykk, men me for og tid til aa slappe av, prate saman og , ikkje minst, ete mykje god mat.
daa trur eg eg seier takk for meg for denna gong. Ha ei fortsatt fin veke!

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Heisann kjære livmor!!!!høres ut som om du har det kjempe kjekt i brasil....hyggeli å kunne stikka innom på denne sio å sjå korleis du har da!!!silje strand som oppfordra meg te å sjå her....Gubba kor spennande da virka som du har da...ha da fortsatt fint...håper eg ser deg på reunion på sufh i januar!!!elle e du brasil framleis då??Lurte på om ikkje du hadde ei vanli epost adresse eg kunne ha skreve til og...da hadde vore kosli!!God Jul...stor klem fra SUFHCamilla

8:09 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home