Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

torsdag, november 03, 2005

Lenge sidan sist...


Det har allereie gått ei veke sidan sist eg blogga. Men det er så mykje anna å gjere. Og når eg fyrst er på dataen er det andre mailar eg skal svare på og ting eg må sjekke. Som til dømes korleis det gjekk med Start i helga. det reknar eg med at alle har fått med seg.
I helga var me og vitja ein indianarstamme og ein misjonærfamilie som budde der. Det var heilt fantastisk å vere på ein så stille stad og vere saman med så gode menneske. Me deltok på gudstenesten om sundagen, og fekk oppleve ekte "klapping". Dei byrja klappe med ein gong songen byrja og slutta ikkje før lenge etter han var ferdig. Musikken var som skikkeleg bedehusmusikk skal vere; trekkspill og bass med svingande rytme. Også der song me "Alt for Jesu for jeg legger". Trur det snart er på tide å finne ein ny song som me kan variere med.
Me fekk høyre litt om misjonsarbeidet og snakke med misjonærane om korleis det var å vie heile livet sitt til detta arbeidet. For det er nemleg målet deira; ikkje berre ein periode på nokre år, men resten av livet. Er det beundringsverdig, eller? Eg fekk verkeleg respekt for at dei klarte å ha eit så langt perspektiv på det. Mannen hadde til og med gitt opp gutedraumen om å vere "flygande misjonær" for å følgje Guds kall. det fekk meg til å tenkje på mitt eige liv. Kor mykje vågar eg å leggje det i Guds hender og stole på at det er det rektige. Lett å seie, men no fekk eg sjå at det var ein familie som verkeleg hadde satt det ut i praksis.
I tillegg til ein del informasjon fekk me utruleg godt stell. Ho hadde heimebaka brød og, for meg, normalt pålegg. Eg gjorde og noko eg ikkje hadde trudd eg kom til å gjer; eg rei på hest. har jo hatt litt skrekken for slike store dyr, men denna hesten var snill som eit lam(?). Heile helga var nesten som ein ferie, ei avkobling frå det me gjer her i Curitiba.
Språket, altså portugisisk, har stagnert litt for min del. Eg slit litt med framgangen sidan eg ikkje har sjølvdisiplin nok til å sette meg ned og pugge. Det er uansett ingen som sjekker at eg kan glosene eller verbbøyginga, så kvifor ta seg tid til å lese? nei då, eg skal askjerpe meg. kanhende litt seint no, sidan me ikkje skal ha meir enn ein time til her i Curitiba.
Veret her er heller ikkje tilfredsstillande. Det er kaldt og det er kome permafrost i fingrane og tærne mine. I alle fall noko lignande. Men alle seier at detta er ein unntakstilstand og at sola snart kjem. Eg trur på det!
No trur eg at eg skal gå og ete litt ris, for det er vel det eg kan forvente til middag...
Ord for dagen: Fil. 4:4
"Gled dere i Herren alltid! Igjen vil jeg si: Gled dere!"

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

...permafrost ja... du skulle bare vært i kalde Norge du...hehe...

uansett veldi gildt å lese åssen du har d der nede....sjøl om mi au snakkes inne i mellom på MSN... Virker som om dikkon e me på mange spennans ting, å at dikkon sitter igjen me mange inntrykk etter å ha besøkt dei ulike tinga...

jau, ha d fortsatt gildt, så snakkes mi!

12:27 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei "Livern"! Det virka som du har det skikkeli flott dær du e nu:)Misunna dæ egentli litt!Å studer e flott det og,men i stressperioda sku æ ønska at æ jor nåkka anna.Det e nå heeelt anna enn SUFH ihvertfall!Ikke glæm å spis anna mat enn ris.Det kan bli litt ensformig,og du træng proteina du Livmor!Det e kanskje ikke æ,men mamma Karoline som skulle sagt det,men i dag tar æ på mæ jobben som reservemamma :p

Ha det fint sålænge,åsså snakkes vi sikkert snart på MSN,yeah!:-D

Klæmma fra Julie

6:53 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei liv hilda!
koselig aa lesa bloggen din!virke som deko har det kjekt!I thailand gaar alt straalande,masse nytt&spennande;)Kos deg masse&husk aa nyt livet!og husk"det sanne lys som lyser opp hele verden...aaoaao!"Gaa med Gud &ha det saa kul!you giver me fever..
mange klemma fra Inger-Hanne

5:26 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Hallaien! Wow, her skal e seie det skjer ting! Kjempestilig at du e der du e, og gjør det du gjør(for å seie det kort). Regner med du kommer tilbake i april som et nytt menneske på mange måter- men håper du e mye den samme,au;) Trur forresten ikkje det språkproblemet ditt kommer til å vare så veldig lenge, kjenner e deg rett. E vil faktisk gå så langt som å kalle deg ein språklig racer. Men lykke til uansett!
Her i bergen e det greit å være,sjøl om det regner kriminelt mye. Tida flyr nå i hvert fall, og om nøyaktig ein måned e det heim på tidlig juleferie. Kommer til å savne deg då! Klem frå Ragnhild

3:53 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home