Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

torsdag, desember 22, 2005

Desember i Noreg


No er det jo ei stund sidan eg har skrive, så det er vel på tide. Det har gått så utruleg fort sidan eg kom heim, og det har faktisk skjedd ein del.
Miriam og eg var på team i to veker. Me var mellom anna i Oslo og vitja Amanda og Karla (brasilianare). Dei hjalp oss litt med oppgåva, i tillegg til at me fekk vore saman og berre prata. Det vart tid til ein tur i Vigelandsparken, der Miriam og eg hadde ein heil fotosession. Så reiste me til Vegårshei. Her fekk me tid til å slappe av, vitje skulen og skravle. Me hadde eit skikkeleg opplegg på skulen for alle elevane i 1.-4.+6. klasse. Utruleg kva dei veit om Brasil, men og kva dei ikkje veit. Då me spurde kva slags språk dei trudde det var i Brasil, svarte dei svensk, kinesisk og spansk.
Deretter gjekk turen til flekkefjord p adventsleir, til Bryne hjå Miriam, skulevije på Bryne, tenleir bortanforbi Stavanger, ei natt til på Bryne og så heim.Det var fullt program nesten heile tida, og eg var ikkje så reint sleten då eg kom heim. Men dekk ikkje slappa så mykje av, for me hadde ei oppgåve me skulle levere. Så eg satt ei veke og skreiv og skreiv. Litt rart å sitte i Noreg og skrive om Brasil. Eg får på ein måte ikkje den heilt store inspirasjonen, og det gjekk litt treigt.
Siste veka har eg byrja med joleførebuinga her heime. Eg har vore så "syng jula inn", baka litt, vaska og byrja så vidt på gåvene. Ikkje heilt lett, nei.
Ellers så er eg veldig spent på korleis det går med behandlinga av visumsøknaden. Får me lov til å reise attende til Brasil, eller vert det eit heilt anna land. Merkar at eg er klar for å reise og gjere ein jobb ein stad. Og vil jo helst at det vert Brasil, då...
Til sist vil eg ynskje dykk alle ei velsigna jolehøgtid og eit spanande, nytt år!

Jolehelsing frå Liv Hilda