Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

mandag, november 14, 2005

Roleg helg på heia...


Eg er heime på heia no, og slappar stort sett av. Det er ikkje så mykje som skjer, men det er koseleg å berre vere saman med familie og venar. Har jo ikkje vore heime så lenge enno.
Det var ein skikkeleg slitsam tur heim; me reiste frå Curitiba i 15.00-tida om onsdagen og var eg var heime i huset mitt kl. 01.00 natt til fredag. Eg er så privilegert å ha ei bestevenninne som henta meg på flyet og fekk meg heilt heim. Takk, Guro! Hadde ikkje sove stort på flyet. For nasa mi var tett og eg hosta ein del. Difor var det nydeleg å leggje seg i senga mi og sove så lenge eg klara om neste morgon.
Eg grua meg eigentleg litt for å treffe folk her heime, for det er jo ikkje så morosamt å plutseleg vere her att når eg eigentleg ikkje skulle ha vore her før i april. Kvidde med litt for å gå på butikken og slikt. Men ein kan jo ikkje stengje seg inne. Så eg reiste både på butikken og til byen.
I tillegg til å ha slappa av, har eg vore på Huset (Guds Menighet). Eg forklara om kvifor eg var heime att og viste litt bilete. Det er rart å skulle fortelje til dei he heime om kva eg har opplevd. Trur ikkje det går an å beskrive kva eg har opplevd slik at dei forstår. For det har skjedd så utruleg mykje og eg har møtt så mange gode menneske, som ikkje dei har noko forhold til. Men det er vel slik det er.
Legg ved eit bilete av Helisoa, Ando, Miriam, Sandro og eg den siste dagen.

Ha ei fin veke, alle saman!
Ord for dagen: Fekk eg alt som eg ville ha det, ville eg ikkje ha det.

1 Comments:

Blogger Astrid i Brazil said...

Hei Liv Hilda. Kjekt aa horre du er kommet vel heim. Haaper berre dykk kjem tilbake her. Me var paa tur i helga til Guarapari ( Vitoria ). Eg er lettare solbrente no. Kos deg litt heima for meg, eg lengtar heim... Snakkes. Klemmer astrid

6:07 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home