Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

torsdag, oktober 27, 2005

kjensler...inntrykk...


I dag er det noyaktig tri veker sidan me kom til Brasil, og eg har ikkje lenga heim enno. Kva er det som gaar av meg? Kan eg tenkje meg aa bu her resten av livet? Nei, trur ikkje det. Men sidan eg har vore innstilt paa aa skiulle vere her i seks maanader, hadde det vel vore litt tidleg aa lengte heim alllereie no. Det einaste eg gjerne skulle ha faat med meg er startkampen til helga. Hoyrde nyss om at det var gode utsikter for at start kunne vinne serien.
Denna veka har vore temmeleg roleg. Men det har gitt meg tid til aa tenkje. Ver saa snill aa la meg faa treffe folka fraa koret og kyrkja ein gong til for me drar. Og som sendt fraa himmelen kom Sandro og sa han hadde ein daarleg nyhet. No lurer du sikkert paa korleis ein daarleg nyhet kan vere god for meg. Og det skal eg fortelje deg; grunna visuma vaare som ikkje er gyldige/rektige, maa me vere her minst 12 dagar til. Ikkje berre aatte som det var planlagt. Det betyr at me kan reise baade i kyrkja og paa koret ein gong til.Yesss!
Over til kjenslene. I gaar skulle me vitje ein favela (slumomraade). Og eg staalsette meg for motet med detta samfunnet. For det er eit eige samfunn og samhold blant desse menneska. Dei er, om ikkje nogde, saa i alle fall tilfredse med deira status. Me skulle eigentleg vere med aa dele ut mat saman med nokre folk fraa ei kyrkje, men grunna ei misforstaaing om kvar me skulle motast , vart me for seine. Allikavel tok nokre bekjende av oss oss med og vitja norkre familiar der. Eg var forebudd paa det verste. Men daa me kom inn der saag me at dei hadde baade stereoanlegg og TV. Det var til og med ein familie som hadde playstation. Og dei var saa hyggelege! Me forstod ikkje saa mykje av kva dei sa, men me fekk oversatt litt og kroppsspraaket gjorde resten. Saa ba me saman med dei, sjolv om dei var litt vaklande i trua. Eg folte det godt aa kunne dele noko slikt saman med menneske fraa ein heilt anna bakrgrunn enn eg har. Heile opphaldet i favelaen var godt. Menneska smilte og helste paa oss. Men saa kom kjenslesjokket. Me vart invitert heim til ei av dei me koyrde med, for aa ete lunsj.Virka jo koseleg det. Men daa me koyrde inn gjennom porten deira, som laag berre omlag ein km fraa favelaen, fekk me synet av det gigantiske huset deira. Og det var ikkje mindre flott inne. Stor TV, vakre teppe, maleri, hushjelp og koseleg uteplass. Eg kjende eg vart nesten kvalm. Her hadde me fyrst vitja ein fattig familie og sett kva slags forhold dei levde under, for deretter aa sette oss tilbords som fyrstar. Det er slike ting som faar meg til aa tenkje. Det er paa ein maate slik som aa sjaa fattige born fraa Afrika paa . Og deretter sette seg godt til rette for aa ete seg nmett paa nett det ein har lyst paa, i Noreg.
Av andre ting som har skjedd her, saa har me verkeleg faat smake paa brasiliansk mat. Om tirsdag var me ute saman med nokre tidlegare studentar fraa hald, for aa ete. det fungerte slik at me betalte ein sum, omlag 40 NOK. Saa kom dei og serverte oss kva me ville ha av pizza og pasta. Detvar 59 forskjellige pizzaslag, og eg smaka paa mykje rart. Mellom anna bananpizza og pizza med kvit sjokolade. Mmm... Etterpaa fekk me is, saa mykje me ville. Me vart inviterte ut paa det same i gaar og, berre at det var kjott. For meg som nesten har vore vegetarianar ei stund no, var eg litt skeptisk. Men du verda, saa mykje godt der var. Pluss noko som var litt meir saertslik som sushi og kyllinghjerte. Eg skal ikkje nekte for at eg hadde problem med aa svelgje det. Og det kunne samanliknas med daa eg aat sneglar i Sor-Afrika. Alt i alt var det ein koseleg kveld med mykje skravling.
Ikkje alt er like lett her. For eg som stort sett har tatt det lett paa grunnskulen og vidaregaaande, er det hardt aa innsjaa at eg ikkje laerer spraaket her like lett. Eg slit litt med aa vaage aa prate, for eg har saa daarleg ordforraad. Og sjolv om laeraren er god som gull, sett eg meg litt imot naar han vil at me skal skrive eit norsk eventyr paa portugisisk. Kva vert forventa etter omlag tri veker med portugisisktimar? Nei daa, det er ikkje saa ille, men eg gler meg til eg kan prate litt meir utan aa tenkje. I alle fall pseii noko...
Trur det er tid for aa gjere lekser no. Det er trass alt berre ein time til me skal ha time. Ordet for denna dagen er: igreja = kirke
Ha ein fin torsdag ettermiddag!

mandag, oktober 24, 2005

Ein overskya dag i Curitiba

Sit her paa CPM, etter portugisisktimane og lurer paa kva eg skal bruke dagen til. Skal eg klare aa bestemme meg for tema til oppgaava, kjope adapter til PCen eller lese litt portugisisk? Det er nok av ting aa henge fingrane i, men ikkje alltid like lett aa faa bestemt seg. Trur eg har vert paavirka av brasilianerane mht tid og avgjering. Eit godt tekn paa at eg byrjar kome inn i det.
Ja, og naar detgjeld spraaket, saa gaar det mykje betre no. Eg forstaar ein del ord, og med litt fingerspraak gaar det meste greitt. Det ordet som eg har lagt mest merke til, er nok coracao (fekk ikkje til aa skrive det rektig). Det betyr hjarte og vert bruka i alle songar og alltid i kyrkja. Men det er jo eit positivt ord, daa. Og apropos kyrkje; i gaar kveld var me i ei anna kyrkje enn ho me plar vere i. Denna var lita med berre 15-20 menneske. Men det var ein god atmosfaere, og sjolv om eg ikkje skjona alt pastoren sa, saa fekk eg mykje ut av det. Helisoa og Ando sang ein gassisk song gog Miriam og eg sang hiten vaar:Alt for Jesu fot jeg legger. Det kjem nok aldri til aa verte saa fint som det var fyrste gong me sang han her i Brasil. For etter fyrste |opptreden| har eg vore konstant tett i nasa, og hoyrer difor ikkje kva eg sjolv syng.
Innbiller meg og at eg har faatt lopper, for eg har nok smaa |bitt| paa beina som klor. Men men...
Nett no er alt veldig bra og temmeleg greitt. Difor har eg tenkt ein del paa at det kan verte annleis aa kome til Arezetuba. Har hoyrd at dei er fattigare der og ikkje saa mange som pratar engelsk. Korleis kjem det til aa verte? Eg foler at dete er det som kjem till aa verte utfordringa, for her har me saa mange som tar seg av oss og som snakker engelsk. Men der... Nei, eg veit ikkje.

Yepp, no er eg klar for ei ny veke, som byrjar med kor i kveld. Det er utruleg gjevande og inspirerande. Saa faar de ha ei herleg veke, med sno for dykk som er i Noreg!

-Gud velsigne dykk alle-

Atentamente Liv ...

tirsdag, oktober 18, 2005

kva har skjedd etter 12 og ein halv dag i brasil?

Ei lita oppdatering paa fyrste tida mi i Brasil:

Veret her er omtrent like varierande som kjenslene mine. om morgenen er det stort sett fint ver, men varierande temperatur. Difor kjoper eg aldri paraply, for det er jo ikkje ei sky paa himmelen. Men saa, naar me er ferdige med tportugisisktimane, holjer det ned ned og eg vert sjaaande ut som ein drukna katt. Kjenslene mine fungerer som fylgjande; ein dag er eg ikkje heilt paa topp og fylgjer ikkje med i timane. Ein anna dag er eg heilt gira og maa halde meg for ikkje aa le, sjolv naar me berre gjennomgaar tala paa portugisisk. Eii godt eksempel paa ein slik dag er gaarsdagen.
No til kva som har skjedd. Om laurdagen var me og vitja eit prosjekt i eit litt meir fattig omraade utanfor byen. Me hadde verte spurd om aa starte KRIK der, og var litt spende paa korleis det skulle gaa. Men daa me kom dit gjekk det veldig greitt. Ungane var gira paa baade futebol og volleyball. Men me hadde og ein andaktsstund der me sang og bad. Det er saa rart aa synge songar som me kan paa norsk og engelsk, paa portugisisk. Og sjolv om eg ikkje er heilt god i spraaket enno, forstaar eg at songane har same meining. Aa sjaa ungane saa engasjerte er rorande. Det gjev saa mykje naar dei viser at dei sett pris paa at me er der og gjer noko saman med dei.
Om sundagen var det kyrkjedag. Miriam og eg reiste i ei lita kyrkje om morgonen der me deltok med litt song. Velsignelsen vart fyrst sunget av oss og saa paa portugisisk av nokre lokale. Det er rart aa vere paa ei heilt anna side av jorda og oppdage at dei syng songar med det same innhaldet og ber dei same bonene, berre paa eit ann spraak.
OM kvelden var me i same kyrkja som me vitja forrige sundag. Eigentleg er den ganske lik slik eg er vant til fraa Noreg. Mykje lovsong og temmeleg mange menneske. Saa det kan verte spanande aa sjaa kva som ventar oss i Arizetuba.
I tillegg til detta skjer det mykje anna som gjer inntrykk, men me for og tid til aa slappe av, prate saman og , ikkje minst, ete mykje god mat.
daa trur eg eg seier takk for meg for denna gong. Ha ei fortsatt fin veke!

torsdag, oktober 13, 2005

Fyrste blogg

Hei og velkomen til bloggen min. Her vil eg oppdatere dykk saa godt eg kan paa kva som skjer i livet mitt nett no.
Det hadde og vore interessant aa faa litt respons.

Fyrst kan eg jo starte med aa seie at eg er i Brasil med Team Nettverk fraa Hald Internasjonale Senter. Me er eit team paa fire jenter:Helispoa og Ando fraa Madagaskar og Miriam og eg fraa Noreg. No har me vore her i ei veke og byrjar venne oss til a vere her. Noko her er temmelg annleis enn heime, men mykje er kjend. Det er mange venlege menneske og mykje god mat. Huset eg bur i er lite og enkelt, men koseleg. For ikkje aa gloyme vertsfamilien min. Han bestaar av Max (far), Siovana (mor) og Karem (dotter, seks aar). Dei lagar mat til oss og vaskar kleda vaare. Saa slik sett har me det godt.
Fram til no har me i grunnen berre prova aa gjere oss kjende med levemaaten. Me har vitja ei kyrkje, barnehagen me skla jobbe i, vore paa grillfest (noko som er vanleg her) og kikka oss rundt i byen. Det er ikkje saa lett aa finne fram her , men me har god hjelparar som fylgjer oss med bussen eller koyrer oss hit og dit.
Sandro, kontaktpersonen vaar, jobbar paa ein skule som heiter CPM. Det er her me har portugisiktimane vaare og her me kan bruke Internett.
Eg tenkjer det var nok for i dag. Saa faar eg sjaa kva tid det vert eg skriv neste gong.
Ate logo!
Liv