Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

fredag, januar 20, 2006

her gaar det jamman meg fort du...

Fyrst av alt maa eg seie at eg har sitte her i ti minutt og venta paa aa faa kome inn paa bloggen. Saa eg er temmeleg lei det. Men nok om den saka.
No er me endeleg kome til Fandriana og mott Ingunn og Tonje. Det er her me skal ha basen vaar dei neste maanadana. Ein liten landsby, som me enno ikkje har utforska heilt. Men noko er i alla fall sikkert; dei bruker HIB (les: hull i bakken) som do. Av andre ting eg har merka meg er mellom anna sterk sol, mykje latter og synging kl 05.00 om morgonen. Men det gjer ikkje saa mykje, for me staar opp i halv seks/seks tida uansett.
Det me skal gjere her, er aa undervise engelsk paa laerarskulen og jobbe paa ein forskule. Mykje av tida gaar med til aa lage mat (les:ris). Ein maa lage seg paa omlag to timar baade for lunsj og kveldsmat. Frukosten lagar me paa norsk vis. Me bakar tebriks, som er overraskande gode til meg aa vere.
Naar det gjeld kulturen er den saa annleis som han kan faa vere. Det er i alle fall intrykket mitt. Gassarane har ein heilt anna maate aa vere direkte paa enn det eg er vandt med. Til dome: noko av det fyrste eg fekk hoyre, var at eg var hog, kjempehog. Og i gaar var det ei som kom til meg, strekte armane ut saa langt ho kunne og peika paa meg medan ho lo. Ho meinte at eg var tjukk. Fyrst tenkte eg at eg skulle peike attende og vise ho at ho var minst like tynn som eg var tjukk. Men eg tok meg i det, og tenkte at det er jo ho som er paa heimebane. Og seinare klarte eg aa le av det heile. Utruleg kva eg klarer aa vende meg til.
Det er ikkje til aa kome ifraa at eg saknar Brasil, og av og til Noreg. Men etter ei dryg veke paa denna oya, har eg faatt eit lysare syn paa aa vere her. Det er mykje aa gjere og mykje aa sjaa. Og sjolv om det er litt rart, saa vert eg fakta meir eller mindre komfortabel med at menneska ropar "vasa" etter meg og stirrar.
Saa nokre ting eg maa nemne; Ragnhild vart 21 aar 17. januar. Gratulerer! Trur det er denna helga det er reunion paa sufh. Skulle gjerne ha vore der. Saa om nokre av dykk (hehe, dykk/dykking) les detta, maa dykk helse til alle og ha ei super helg. snufs...
Saa haaper eg at alle hugsar bursdagen min 14. februar. Ikkje det at det er saa lett aa faa tak i meg, men...
Sidan detta er ein internettkafe med begrensa kapasitet, er det ikkje mogleg for meg aa leggje ut bilete. Men det kjem!
Vil ynskje dykk alle Guds velsigning! Det har vore godt aa kjenne Ham no siste veka. Og opplevd at Han leggjer ting til rette for meg.

God og sveitt klem fraa Aina (for Liv paa gassisk er aina)

Den positive lov

Tenk positive tanker
si positive ord
gjor positive handlinger
og det positive gror

(denna hang paa doen hjaa Eva og Jan Erik for omlag aatte aar sidan. Daa Guro og eg vitja dei. Alt kjem til nytte ein vakker dag...)

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Heihei! Takker for bursdagshelsing-det e alltid gildt:) E begynner å merke alderen tynge, så du kan bare glede deg...Håper du får ei fin tid framover-og ta vare på deg sjøl! Klem Ragnhild

11:23 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Heisann!!

Jeg ser at det ble tur på deg allikevel. Det var godt, om dog ikke til Brasil. Det var synd at det ikke ordnet seg for dere med Brasil-tur, men som du sier selv; tur blir det, om ikke nå så senere.
Lykke til i Madagaskar da! Selv skal jeg til Brasil neste jul.

Gunnar (den andre Gunnar, hehe)

3:35 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home