Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

fredag, januar 13, 2006

endeleg paa... ... .... Madagaskar

Ja, endeleg er me i eit nytt land. Om ikkje nett Brasil, saa er det ikkje saa aller verst detta heller. Me har verte godt mottatt, av gassare, brasilianare og nordmenn. No er me i hovudstaden for nokre dagar, foer me skal reise til Fandrina. Eg har allereie faatt ein heil del inntrykk. Berre siste timen har eg sett omlag 12 ungar som eg vil ta med meg heim... Ikkje lett aa oversjaa dei naar dei kjem og spoer etter pengar (eller noko anna som eg ikkje forstaar). Faar foelinga av at foreldra deira spelar paa samvitet mitt, og det skal vere sikkert at det virkar.
Det er i det heile tatt heilt annleis her enn i Noreg og Brasil. Eg faar verkeleg sjaa fattigdom, men allikavel er menneska her utruleg blide. No veit ikkje eg om det er paa grunn av at eg er kvit, eller fordi eg har pengar, eller at dei berre er slik. Men det er artig aa verte ropt etter, saa lenge dei ikkje henger etter meg nedover heile gata. Noko nokre har ein tendens til aa gjere.
Eg har opptil fleire gonger foelt meg dum og flau her. Ikkje fordi eg har gjort noko dumt, men fordi eg er vasa. Det vil seie kvit/utlending. Vasaer er visstnok franske og har mykje penger. Noko som betyr at dei trur eg pratar fransk og er "stinn av gryn". Eg vil ikkje verte sett paa som rik! Det virkar som om me er saa mykje betre berre fordi me er rikare materielt sett, men eg ynskjer aa tenkje annleis enn det.
Sjoelv om ikkje aaret mitt vart i Brasil, trur eg eg faar vel saa mange inntrykk her. Eg skal jo trass alt attende til Brasil ein gong, saa eg faar berre nyte aa vere her paa Madagaskar no.
Eg vil og anbefale alle aa reise litt, faa litt stoerre perspektiv paa ting. Det er utruleg kva ein oppdagar om seg sjoelv og andre ved aa moete andre kulturar.
Til sist vil eg ynskje dykk alle (u)lukke til med fredag trettande... Ikkje det at eg er overtruisk, men det er mange her paa Madagaskar. Saa eg faar vel sette meg litt inn i kulturen.
Trur Gud har ein plan med opphaldet mitt her, og Han har ein plan for deg og!
Veloma!