Kva Liv Hilda gjer paa...

Detta aaret gaar eg pa Hald Internasjonale Senter der eg gaar paa linja Team Nettverk. No har eg byrja praksisperioden min og vil proeve aa fortelje litt om kva eg gjer her. Det hadde vore koseleg aa ha faatt litt meldinger paa kva som kan verte betre eller berre ei helsing.

mandag, februar 06, 2006

Varmt, varmt, varmt...

No er eg saa varm at eg nesten renn vekk! Sit i Morondava, ein by paa vestkysten av Madagaskar; saman med dei andre oystudentane fraa hald. Og etter det eg har faat med meg er det omlag 35 gradar her og klamt. Men er det ikkje slik me vil ha det?
Eg maa seie at den positive loven har hjulpet meg mykje, no ser eg lysare paa det meste. Og ting har byrja verte meit interessante. Det viktigaste for meg har vel vore aa undervise i engelsk paa laerarskulen i Fandriana. Makan til engasjerte og koselege elevar skal ein leite lenge etter. Og eg har verte ein slik laerar eg ikkje skulle ha verte: irriterande engasjert i engelsk grammatikk, smil at eg gloymer aa gje elevane pause. Har aldri fatta at adjektiv kan vere saa morosamt, men no ser eg det. Ikkje berre er det interessant, men eg foler at det er bruk for meg der. Dei treng saart engelsklaerare som snakkar ein engelsk som andre enn gassarane forstaar. I det heile tatt nokon som faar dei til aa vaage aa prate engelsk.
Av andre ting som har skjedd, kan det nemnast koking av ris paa fataperaen (gassisk kokestad), vitjing av ein doveskule her i Morondava, litt kvalme, mange nydelege born (mellom anna ein som alltid tissar paa buksa mi, for han har ikkje paa seg bleie...), mykje song (me har arrangert lovssongskveldar for studentane paa skulen) og vitjing paa eit sjukehus for spedalske.
Det var saerskilt doveskulen som gjorde inntrykk paa meg. Der bur det dove ungar som faar opplaering i det meste, pluss at dei laerer aa prate med lyd. Nokon klarte det veldig bra, medan andre sleit meir. Arbeidet er ikkje alltid saa lett sidan nokon av elevane ikkje kjem dit for dei er 13 aar. Men det var imponerande aa sjaa korleis laerarane tok seg av elevane, fortalde dei bibelhistorier og laerte dei korleis dei skulle faa fram rektige lydar til bokstavane og orda. Det var utruleg artig aa sjaa korleis elevane ba. Fire av dei stilte seg opp paa podiet og ba etter tur. Eg forstod noko av det. Men det var saeskilt han siste som gjorde inntrykk; eg trur berre han sa "kjaere Gud, takk, amen!".
I det heile tatt er det mykje eg faar oppleve her og mange inntrykk aa ta til seg. Mellom anna ein minibusstur paa atten timar, der vegen var saa humpete som eg aldri har sett for. Og det er rart aa tenkje paa at det allereie har gaatt ein maanad sidan eg kom til Madagaskar, det har gaat saa fort.
Og saa: Gratulerer med dagen til Astrid, Mona B (trur eg) og Maria Simone!
De faar ha det bra der dykk er i verda og ta vare paa dykk sjolve og dei som er rundt dykk!

Sitat Liv Hilda: "Aesj, det er blott i senga!!!" (I gaar kveld daa det var saa utruleg varmt at eg sveitta slik eg aldri har gjort for... Aesj...)

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hei Liv Hilda. Kjekt å høre fra deg og dine opplevelser "down under". Engelsklærer... - du er sikkert en god og engasjert en! Maria er hjemme et par uker, leser og lager snøhule - Erlend i Paris, men skal ha noen dager hjemme sammen med Mia. Ellers - gaa inn på YME.no. YME flytter sin virksomhet til Vegarshei - interessant for deg som liker å oppholde deg andre steder enn Heia?
Ha det fint - mange som tenker på deg og setter pris på den du er. Vi deler deg gjerne en stund med folket på solskinnsoya! Skjeggklem fra Kjetil

6:03 a.m.  
Blogger Astrid i Brazil said...

Hei Liv Hilda :)

Takk takk, 21 år gammel nå... Snart gammel...!?!...
Har du adresse der du er nå??
Kjekt å høre hvordan du har det :)
Gid. Klem astrid

6:15 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Kjære niese og kusine! Kjempekos å høyre frå deg på solskinnsøya, og at du finn det meiningsfyllt å vere der. Eg misunn deg,nesten. Har jo sjølv mange gode minner derfrå. Folket der er blide og flotte. Her snør det stadig vekk, og tilogmed eg har nok snø no.Sofie,Marianne, Frida og Inger er på loftet og ser på Charlie og sjokoladefabrikken, snart skal dei i bursdag. Take care !!!!
Gratulere med dagen på forskot !!!
Klemmer frå småsnuppene og tante Anne

3:06 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Gratulerer så masse med dagen Liv Hilda! I dag har vi sendt noen ekstra tanker fra Serbia til Madagaskar... Håper du koser deg der nede, det gjør i hvert fall vi her. Mange klemmer fra Tone og Ingunn

12:10 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home